Kamera deksel til Skoda/WV
Ekstrautstyr til VW ID.4 og Škoda Enyaq iV
Dette produktet er spesialtilpassa VW ID.4 og Škoda Enyaq iV, og blir produsert i slitesterk PET-G for lang levetid. Produktet blir levert ferdig klargjort med ekstra sterk dobbeltsidig teip, klart for enkel montering på bilen.
Funksjon
Ryggekameraet på VW ID.4 er plassert rett over bilskiltet. I dagslys er dette uproblematisk, men i mørke omgjevnader kan lyset frå bilskiltet gje gjenskinn i kameralinsa. Dette kan føre til dårlegare sikt og navigasjonsproblem.
Denne skjermen er utvikla for å blokkere lyset frå bilskiltet, slik at ryggekameraet fungerer som det skal – også i mørke forhold.
Montering
For best mogleg feste er det viktig at overflata der teipen skal monterast er rein, tørr og fri for smuss. Dobbelteipen må pressast godt på under montering.
Unngå montering i kalde forhold – overflatene bør ha ein temperatur på minimum 10 °C for å sikre god heft.
Produktet blir levert med ekstra sterk dobbeltsidig teip og kan enkelt monterast av deg sjølv, utan behov for spesialverktøy.